Sminkelaget på plass

Bilete til «Sminkelaget på plass»

Korleis skal ein sminke haugafolk og tukthuskarar? Det gav sminkekurset til Leveld Teaterlag svar på.

Skrive av Embrik Luksengard den 16. oktober 2007 klokka 15:16

Helga 13-14. oktober fekk sju nye sminkørar prøve seg med sminkekosten. I samarbeid med Hallingdal Teaterverkstad arrangerte teaterlaget sminkekurs på Leveldtun. Alexander Wallinga frå Pplan AS gav råd og tips før deltakarane kastar seg ut i Haugarock.
- Det har vore veldig interessant og lærerikt. Faktisk veldig gøy – også teorien, seier Torunn Stranden. Ho har vore med på litt sminke før i skuleregi, og no er ho klar for sminkejobb i Haugarock.
- Det blir veldig spenndande!

Øvde på aktørar

Fyrste kursdagen fekk deltakarane grunnleggande innføring i teatersminke. Etter kvart fekk dei prøve seg på skodespelarane i Haugarock som øvde på Leveldtun samtidig.
Det er ein stor sminkejobb som ventar når haugarocken blir sett opp i Ål kulturhus. Den aller største utfordinga er antal aktørar.
- I tillegg er det haugafolk og ikkje berre vanlege nordbygdingar!

Karakterar

Teatersminke handlar ikkje berre om teknikk.
- Sminka skal vera med og understreke karakterane i stykket. Derfor er det viktig at dei som sminkar kjenner stykket og karakterane godt, poengterer Alexander Wallinga.
I Haugarock blir det ei sminkegruppe på 7-8 personar. Tre av kursdeltakarane er klare for haugarock-sminking: Heidi Kvalvågnes, Randi Lunden og Torunn Stranden.