Programhefte med sangar og notar

Bilete til «Programhefte med sangar og notar»

Etter å ha sett Haugarock, kan du finne fram programmet og synge låtane frå forestillinga.

Skrive av Embrik Luksengard den 12. november 2007 klokka 23:06

Alle sangane er med i det 32 sider tjukke programheftet. Her finn du både tekstar og notar. Dermed er det berre å ta fram instrumentet og stemme i med “Velkomen”, “Blåe bær”, “Raude glør” eller “Tukthu’n”, for å nemne nokre.
- Sist Haugarock vart sett opp, opplevde me at fleire av låtane vart lokale slagerar. Derfor trur me mange vil setje pris på sangheftet, seier Per Egil Kolsrud i Leveld Teaterlag.

Historikk
I tillegg har programheftet ein solid bolk med historikken til teaterlaget, heilt frå revyen Voluspå II i 1981, til årets Haugarock. I løpet av desse åra har det vore mange store og små oppsetjingar på Leveldtun og i Ål kulturhus.

Mykje stoff
Og sjølvsagt kan du lese om årets produksjon. Eldgrim H. Springgard fortel om lagarbeidet som ligg bak ei slik satsing, medan komponisten Arne Moslåtten og instruktøren frå 1987, Magne Olav Brevik, har skrive helsingar. Du kan også lese om korleis kostymene har blitt til frå ideskisse til fargerike drakter, og om Ola
Bråten som har laga scenografien. Den nye boka “Dikt og forbanna draum” av Eldgrim H. Springgard og Trond Andersson blir også presentert i programmet.
I tillegg kjem komplette lister av både roller og folk bak scenen. Og for ikkje å gløyme, eigne Haugarock-utsegner frå sponsorane våre.