Ofrar håret for haugarocken

Bilete til «Ofrar håret for haugarocken»

Stein-Ove Thon før og etter han fekk Tukthusmannfrisyre.

Hjå nokon set haugarocken tydelegare spor enn hjå andre. Stein-Ove Thon ofrar hårmanken!

Skrive av Embrik Luksengard den 29. oktober 2007 klokka 19:21

- Klart eg ofrar håret for haugarocken. Så kult, tenkte eg fyrst. Men då dei var i gang med barbermaskina, vart eg meir i tvil, humrar Stein-Ove Thon som spelar 1. tukthusmann i forestillinga som har premiere 13. november.

Skumlare
For dei som har sett haugarocken før, kan det vera greitt å vera klar over at tukthuskarane er av det meir skumle slaget denne gongen. For Stein-Ove inneber det skinhead-look. Til dagleg jobbar han på ein skule for psykisk utviklingshemma barn i Bærum. Han fortel at det ikkje mangla på kommentarar då ha stilte på jobb utan hår.
- Nokon lurte på om eg var nazist, andre om barberhøvelen hadde gått løpsk, fortel han.

Gler seg
Den siste veka før premieren og i speleveka 13.-18. november har Stein-Ove teke permisjon frå jobben. Då blir det haugarock og ikkje noko anna.
- Eg gler meg veldig fordi eg trur det blir ei knakande god forestilling. I løpet av øvingsperioden har det gått opp for meg kor dyktig instruktør Eldgrim H. Springgard er. I tillegg er det moro å sjå den kjempeinnsatsen mange legg ned for at resultatet skal bli bra. Det skal bli søkkande moro, seier Stein-Ove Thon.