Har designa og sydd 150 kostyme

Bilete til «Har designa og sydd 150 kostyme»

Aldri før har Leveld Teaterlag lagt så mykje arbeid i kostyma som i Haugarock.

Skrive av Embrik Luksengard den 27. oktober 2007 klokka 19:42

Ein ting er å sy store mengder kostyme. Ein annan ting er å designe uttrykket. Begge deler har kravd stor innsats til Haugarock som har premiere i Ål kulturhus 13. november.
Dei siste dagane har symaskinene gått på høggir i den improviserte systova på Evjens Minne. Musikalen tel 60 aktørar, men mange har også fleire roller og dermed også fleire kostyme. Til saman er det sydd ikkje mindre enn 150 kostyme!

Grundig til verks

Men før ein kan setje seg til symaskinene, har mykje skjedd. Samanlikna med andre stykke i Leveld Teaterlag si historie, har ein aldri gått så grundig til verks med kostyma som denne gongen. I sommar vart Unni Hansen engasjert til å designe kleda til dei ulike scenene i stykket. Ut frå eigne idear og i tett dialog med instruktør, scenograf og koreograf, har Unni fyrst skissert og seinare teikna kostyma til dei ulike rollene. Det er ikkje å ta i for hard å kalle det eit imponerande arbeid.
- Det er viktig å ha evne til å sjå heile scenebiletet for seg når ein designar kostyme. Ein må tenke heilskap og vera systematisk, seier Unni Hansen som ikkje er designar av yrke, men sjukepleiar. Visuelle uttrykk har likevel vore interessa hennar heilt sidan ho var liten.

Stiller opp

Fram til no har seks personar jobba i kostymegruppa, og frå no av har ytterlegare seks-sju kome til. Store mengder stoff er kjøpt inn og skal klyppast og syast. Symaskinene stilnar nok ikkje før premieren er der tysdag 13. november.
- Folk er flinke og stiller opp. Sjølv om ein del ikkje har så mykje erfaring, har dei teke utfordringa det er å strekkje seg litt ekstra, seier Unni Hansen.