Karrieren starta med haugarocken

Bilete til «Karrieren starta med haugarocken»

Hadde det ikkje vore for haugarocken i 1987, hadde ikkje Ola Bråten (30) i dag site på skulebenken ved Yale School of Drama, eller reist kloden rundt med Secret Garden.

Skrive av Embrik Luksengard den 1. november 2007 klokka 22:45

- Eg såg Haugarocken fyrst ein gong med ein kamerat. Men det var ikkje nok for meg. I alt kom eg meg til Leveldtun åtte gonger, og eg var faktisk berre ni år gamal den gongen, forklarar Ola Bråten på telefon frå Yale.

Det var noko magisk over draumeverda i haugarocken. Noko som greip Ola og gjorde at han kom attende gong etter gong.

- Eg veit ikkje heilt kva det var, men det var nok noko med blandinga av fantasi og røyndom.

Ei ære

Når Ola fekk spørsmål om å stå for scenografien på stykket i 2007, var det ingen tvil.
- Veldig spennande og ei ære. Og eg såg det for meg. Eg visste akkurat korleis scenen skulle sjå ut. Det var berre å setje i gang.

På telefon

I vår utarbeidde han ein mini scenemodell av haugarocken. Etterpå har scenen vorte justert, i samarbeid med Eldgrim H. Springgard.
- Og no på slutten har det gått i lange telefonsamtalar og videokonferansar med dei i andre teknisk stab. Ikkje minst Sture Moslåtten. Eg vil kalle arbeidet for 30 prosent mitt, og 70 prosent Sture sitt. For gode idear er ikkje mykje verdt, utan at nokon står for lyssettinga.

Kloden rundt

Ola Bråten har levd av å lyssette scener i fleire år. Han har arbeidd med dei største norske artistane, og gjennom blant anna Secret Garden har han fått reist rundt heile kloden.
- Eg har fått opplevd og sett mykje. Men alt starta med haugarocken.