Her er Haugarock-bandet
Joseph Angyal, Thor Olav Fjellhøi, Andreas Bratlie, John Storhaug, Odd Halvard Seterdal, Eilif Gundersen, Tor Egil Kreken
Haugarock skal svinge. Det gjer det også når det sju manns sterke bandet dreg i gang.
Skrive av Embrik Luksengard den 11. november 2007 klokka 04:18
Kapellmeister Thor Olav Fjellhøi har plukka med seg seks dyktige og erfarne musikarar. Bandet har denne samansetninga:
Thor Olav Fjellhøi – kapellmeister, blås/tangentar.
Odd Halvard Seterdal – gitar.
John Storhaug – tangentar.
Tor Egil Kreken – bass.
Andreas Bratlie – slagverk.
Joseph Angyal – blås/fiolin.
Eilif Gundersen – blås.
Thor Olav Fjellhøi – (42), Ål.
Arbeider som kulturhusleiar i Ål. Har sin musikalske utdanning frå Østlandets Musikkonservatorium i Oslo, med trompet som hovudfag. Har tilleggsutdanning innan direksjon og arrangering. Var i to år medlem av Forsvarets Stabsmusikk. Etter at han flytta til Ål, har han leia mange store musikalske oppsetjingar. Som dirigent for Ål Musikk-Korps var han bl.a. drivkrafta bak mange av dei store nyttårskonsertane i Ål. Har elles arrangert mykje musikk. I Haugarock har han laga alle arrangementa i tillegg til å ha komponert eit par låtar.
Odd Halvard Seterdal – (34), Ål.
Kjem opphavleg frå Skjåk, men bur no i Ål. Av yrke er han lensmannsbetjent. Musikk har vore den store hobbyen sidan han begynte med gitar i 14-15 års alderen. Tilnamnet Skjåk-Elvis frå russetida fortel kva den unge Seterdal var oppteken av. Odd Halvard er sjølvlært, og har spelt i mange band innan sjangeren køntri, rock, blues. Blir nytta som backingmusikar av fleire, noko som har resultert i turnear fleire stader i Europa.
John Storhaug – (49), Ål.
John var eit musikalsk talent frå han var svært ung. Begynte på piano som fire-åring. Musikk er likevel ikkje levebrødet hans; til dagleg jobbar han ved Døves Media. Like fullt er musikken sentral i livet hans. Med seks pianoliknande instrument i heimen, som han sjølv uttrykker det, er svarte og kvite tangentar hans store hobby. Gjekk i si tid i lære hjå fleire pianistar, deriblant Kjetil Bjerkestrand. Underviser i improvisasjon/jazz/besifring ved Ål kulturskule.
Tor Egil Kreken – (30), Oslo.
Født og oppvaksen i Ål, men livnærer seg no som musikar i hovudstaden. Lærde dei fyrste gitargrepa sine av Arne Moslåtten, og talentet fekk fort oppdrag bl.a. i dei store nyttårskonsertane i Ål. Sidan den gongen har karrieren berre skote fart. Spelar i dag fast for Christel Alsos, Susanne Sundfør og Lene Marlin. Har også hatt jobbar for både Kurt Nilsen og Ole Edvard Antonsen. The Holstein United Bluegrassboys og Faircastle Four er Krekens eigne band.
Andreas Bratlie – (30), Oslo.
Har si musikkutdanning frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. Ein musikar som beherskar dei fleste sjangerar, frå pop og rock til etnisk musikk/folkemusikk og klassisk. Er fast musikar for Mira Craig og har jobba med kjende utøvarar som Big Bang, Carola, Trine Rein og The Margarets. Har også arbeidd mykje med dansarar, både som repetitør og utøvande musikar. Blant anna var han med på forestillinga Laus som hadde urpremiere på Den Norske Folkemusikkveka på Ål våren 2006.
Joseph Angyal - (52), Drammen.
Kjem opphavleg frå Ungarn. Har solid musikkutdanning blant anna frå Bela Bartok Musikkonservatorium i Budapest der han fordjupa seg i klassisk fiolin og saksofon. Arbeider i dag som musikalsk leiar for Brageteatret i Drammen, landets einaste profesjonelle barne- og ungdomsteater. Underviser i musikk og blir brukt som konsertmusikar i både inn- og utland. Spelar mange instrument, men er kanskje mest kjent for sitt panfløytespel. Har vore med på mange konsertar og oppsetjingar i Ål kulturhus.
Eilif Gundersen - (51) Ål.
Starta sin musikalske veg i skulekorps, og gjekk gradene vidare gjennom vaksenkorps, revorkester og storband. Trompet var instrumentet hans. Då han etter kvart gjorde åling av seg, begynte han å utforske luren og bukkehornet. Med sin trompetbakgrunn såg han utfordinga i desse gamle blåseinstrumetet. Har vunne Landskappleiken i eldre folkemusikkinstrument, og har hatt konsertar og festivaloppdrag i både inn- og utland, bl.a. med Karl Seglem og Tone Hulbækmo. Er kulturarbeidar ved sida av å drive sitt eige datafirma. Underviser i messing i Ål kulturskule og er fast medlem av gruppa Haugafolk.