Haugarock som bok- i sal frå tysdag 13. november

Bilete til «Haugarock som bok»

Det skulle gå 20 år før Ola Bakrang vakna til liv mellom stive permar. No er boka endeleg her – ført i pennen av Eldgrim H. Springgard og illustrert av Trond Andersson.

Skrive av Embrik Luksengard den 9. november 2007 klokka 13:15

I kunstboka ”Dikt og forbanna draum” faldar fabelen seg ut i ny drakt, lausriven frå teaterframsyninga.
- Me prata om å lage ei bok då Haugarock vart sett opp fyrste gong, men gjorde det aldri. No var det difor på tide. Det er dessutan lenge sidan det vart gjeve ut ei eventyrbok frå Hallingdal. Den har eit heilt eige uttrykk, og er meint som eit supplement til framsyninga, seier Eldrim H. Springgard.

Stemningar
Boka byggjer på ein prosaversjon Springgard skreiv av teatermanuset for eit par år sidan. I ”Dikt og forbanna draum” blir historia frå Blåberget fortalt med like stor vekt på både tekst og bilete. Gjennom 20 illustrasjonar har Trond Andersson gjeve si visuelle tolking av det som skjedde i haugane den gong då. Teknikken er ein kombinasjon av handteikningar og datamanipulasjon, smelta saman til heilt særeigne komposisjonar. - Bileta er moderne i uttrykket. Eg har lagt meir vekt på å skape stemningar enn ein rein visuell presentasjon av historia, forklarar Andersson.

I sal
Boka har 48 sider, og er trykt i eit opplag på 500 eksemplar. Den er blant anna å få kjøpt i Ål kulturhus i samband med Haugarock-framsyningane 13. - 18. november. Det er også høve til å kjøpe spesialtrykk av illustrasjonane direkte frå kunstnaren.