Haugarock-scenen bygd på to dagar
Ved hjelp av stor entusiasme og solid snikkarerfaring, er Haugarock-scenen på plass i Ål kulturhus.
Skrive av Embrik Luksengard den 5. november 2007 klokka 19:26
Sundag morgon klokka 09 var snikkarlaget i gang med sitt Haugarock-oppdrag. Åtte-ti sterke karar, dei fleste snikkarar av yrke, gjekk laus på oppgåva med liv og lyst.
- Her har det vore jobba bra, konstaterer kulisseansvarleg Lars Bergaplass.
- Ein skulle tru dei ikkje har gjort anna enn å bygge scene.
Må vera sikker
Det har blitt bygd i alle retningar, seks meter høge vegger, gangveg rundt heile scenen i god høgd over golvet. Til og med ut i salen er det bygd opp konstruksjonar. Når folk kjem inn i Storesalen for å sjå Haugarock, møter dei ei både brei, djup og høg scene - bygd på skissser og modell til scenograf Ola Bråten.
- Me har vore heilt avhengig av å ha med kyndige snikkarar. Både for å få jobben gjort, og for å gjera konstruksjonen sikker, fastslår Lars Bergaplass.
Gjennomkøyring
Tydag 6. november er gjennomkøyringane i gang med bortimot ferdig scenerigg. Det vil seie måling og detaljar står att. Men grovjobben er gjort.
Snikkarane er blant mange dugnadsfolk som står på for at Haugarock skal bli ei knakande god teateroppleving.
- Ja, no blir det jobba over alt, seier Lars Bergaplass som fortel at det har gått med 726 meter fire toms material i scenebygginga, og bortimot 200 kvadratmeter vegger er kledd med plater.