Fullt hus og ståande applaus- ekstraforestillingar også måndag!

Bilete til «Fullt hus og ståande applaus»

Huldre-Guri (Margit Myhr) og veninnegjengen. Foto: Ole Johs. Brye

Haugarocken svingar. Etter ein feiande premiere blir det sett opp endå to ekstraforestillingar - måndag 19. november.

Skrive av Embrik Luksengard den 14. november 2007 klokka 10:40

- Me har lenge hatt ein draum om å setje opp haugarocken i Ål kulturhus. I kveld gjekk draumen i oppfylling, sa styremedlem
Grete T. Hagen då heile ensemblet feira premieren med middag i kulturhuset. Der var dei alle: Forfattar og regissør Eldgrim
H. Springgard, komponist Arne Moslåtten og alle som har gjort ein kjempeinnsats for å realisere den største oppsetjinga
i Leveld Teaterlag si historie.

Rørt
- Eg var rørt, sa Eldgrim H. Springgard etter å ha sitje i salen og sett premieren. På premierefesten nytta han høvet til å takke alle som har brukt tida si og kreftene sine på å gjennomføre Haugarock 2007. Han framheva også det unike med ei oppsetjing som dette, nemleg den store aldersskilnaden på folk i ensemblet, frå ungar i skulealder til pensjonistar. Det er ikkje ofte at så mange i så ulike alderar jobbar tett saman på ein så fantastisk måte. Sjølv fekk Eldgrim ståande applaus frå teatergjengen.

Nye ekstraforestillingar
Før premieren tysdag kveld var det selt over 2000 billettar til dei åtte forestillingane denne veka. Etter premieren var responsen så stor at teaterlaget har bestemt å setje opp endå to ekstraforestillingar. Det blir måndag 19. november kl. 18.00 og 21.00. Fleire av dei som fekk med seg premieren, ville få med seg meir Haugarock og tinga nye billettar til seinare forestillingar.

Bilete