2000 billettar selt før premieren- to ekstraframsyningar

Bilete til «2000 billettar selt før premieren»

Før det heile har starta har 2000 sikra seg Haugarock-billett. Det blir ekstraforestillingar laurdag 17. og sundag 18. november. Og to nye ekstraforestillingar måndag 19. november kl. 18.00 og 21.00

Skrive av Embrik Luksengard den 10. november 2007 klokka 21:34

Dermed blir det ti framsyningar frå tysdag 13. til måndag 19. november.
- Billettsalet har runda 2000. I tillegg veit me at mange, bl.a. folk utanfor Hallingdal, berre har høve til å sjå stykket i helga. Derfor set me opp dei to ekstraforestillingane laurdag og sundag, seier leiar i Leveld Teaterlag, Per Egil Kolsrud.

Klokka 15.00
Forestillinga laurdag 17. november klokka 19.00 er så å seie utselt. Tidspunktet for ekstraforestillinga er klokka 15.00. Også dagen etter, sundag 18. november, blir det forestilling klokka 15.00 og 19.00.

Inspirerande

Per Egil Kolsrud seier det er moro med slik respons, og sjølvsagt inspirerande no i innspurten fram mot premiere. Det er mange som gjer ein kjempeinnsats for at Haugarock skal bli ei flott teateroppleving.

Storsatsing
Det er rundt 60 aktørar med i denne storsastinga til Leveld Teaterlag. I tillegg kjem eit stort støtteapparat. Haugarocken blir sett opp att 20 år etter urpremieren på Leveldtun. Den gongen gjekk stykket for 23 fulle hus.
Det er Eldgrim H. Springgard som har skrive stykket, musikken er laga av Arne Moslåtten.
I årets oppsetjing har Thor Olav Fjellhøi laga arrangementa og komponert ein låt.